Opnar hydrogenkart gjennom abonnementsløysing
Ocean Hyway Cluster har opplevd stor interesse rundt dei interaktive karta. No gjer vi dei tilgjengeleg for alle gjennom ei abonnementsløysing.
Utsnitt av kartet «hydrogeninfrastruktur i Noreg» der ein kan sortere mellom hydrogenvariantar
Ocean Hyway Cluster har to interaktive kart, «hydrogen infrastruktur i Noreg» og «låg-karbon fartøy i verda», som har vore tilgjengeleg for medlemmer. Dei interaktive karta har vert ein ressurs som kun har vore tilgjengeleg for medlemmar. Gjennom eit medlemsområde har medlemmer i klynga tilgang til ressursar som sikrar lett tilgang til god og oversiktleg informasjon som er nødvendig i arbeidet med realisering av hydrogen i maritim sektor.
Grunna den store interessen opnar vi no for at dei interaktive karta vert tilgjengeleg for alle gjennom ei abonnementsløysing. Karta gir ei detaljert oversikt over alle pågåande infrastrukturprosjekt i Noreg samt ei global oversikt over fartøyskonsept på null- og lavutslepp.
I det interaktive kartet for hydrogen infrastruktur finn du oversikt over bunkringslokasjonar, norske fartøy og produksjonslokasjonar sortert etter hydrogen-typar. Det er også detaljert informasjon om prosjektnamn, selskap, prosjektfase, forventa dato for ferdigstilling, produksjonskapasitet osv.
I det interaktive kartet for hydrogen infrastruktur finn du oversikt over bunkringslokasjonar, norske fartøy og produksjonslokasjonar sortert etter hydrogen-typar. Det er også detaljert informasjon om prosjektnamn, selskap, prosjektfase, forventa dato for ferdigstilling, produksjonskapasitet osv.
Mark Purkis og Kristina Skogen frå det tekniske teamet i klynga er ansvarleg for å halde databasen oppdatert:
Klynga sitt mål er å bidra til realisering av verdikjede på hydrogen i Noreg og vi ser derfor at det er viktig at denne informasjonen er tilgjengeleg for fleire enn medlemmer i Ocean Hyway Cluster. Samarbeid og samfunnsaksept er viktige punkt i å sette Noreg på hydrogen-kartet og håpar at denne informasjonen kan vere med å skape nye synergiar i marknaden, seier Mark Purkis.